Utskrift fra nettstedet www.visitflam.com

  1. Skip to navigation
  2. Skip to content
  3. Skip to footer

Heritage Fjord Walk Gudvangen-Nærøyfjorden-Gudvangen

Gudvangen - Nærøyfjorden - Gudvangen

Bli med på dagstur for å oppleve Nærøyfjorden som verdsarvstad og fjorden si historie, kultur og natur. Ver med og utforsk det eineståande fjordlandskapet skapt av naturkreftene for tusenvis av år sidan.

Vi startar med eit kort fjordcruise før vi spaserer på den historiske postvegen frå midten av 1600-talet. Dette er ein flott fottur, og du treng ikkje vere spesielt trena for å vere med.

Avg. Gudvangen kl. 11.00
Vi tek ein kort båttur ut Nærøyfjorden før vi går i land og spaserer langs fjorden på den historiske postvegen frå midten av 1600-talet. Dette er ein flott fottur som er lett å gå. Den samla lengda er fem kilometer, og stien går langs Nærøyfjorden. Ein lokalkjend guide går saman med deg.

Tilbaketuren til Gudvangen går med båt, og du er framme kl. 16.00.

Denne turen kan òg bestillast med Flåm som utgangspunkt, og då er bussamband til og frå Gudvangen inkludert. Bussavgang kl. 10.00, med returavgang kl. 16.30. Tilbake i Flåm kl. 16.50.

Turen går kvar dag frå 15. juni til og med 31. august.

Turen vert arrangert i samarbeid med Heritage Adventures og må bestillast i førevegen. Berre grupper (minst fire personar).

 

Se kart
Detaljert kart over

Tur fakta:

  • Sesong: 15. Juni - 31. aug
  • Avg. frå: Gudvangen
  • Avg. tid: 11:00
  • Lengd: 5 timer
  • Dagar: Alle
  • Pris: På førespurnad