Utskrift fra nettstedet www.visitflam.com

  1. Skip to navigation
  2. Skip to content
  3. Skip to footer

Stegastein utsiktpunkt

Rundtur til det populære utsiktspunktet, Flåm-Aurland-Stegastein og retur.

Daglege avgangar frå 15. mai til 15. september.

Dette er ein flott sightseeingtur med buss frå Flåm om Aurland til det spektakulære utsiktspunktet Stegastein. Her, cirka 650 meter over bygda Aurland og fjorden, får du eit fantastisk utsyn over det flotte fjordlandskapet. Dette er ein perfekt stad å ta gode feriebilete frå.

Om du ynskjer å gå ned igjen til Aurland, eller kanskje halde fram vidare opp i fjellet, kan du det. Det går merka tursti til fjellet Prest. Dette er ein tur for dei som har litt røynsle med å gå i fjellet, og du må rekne tre timar på avstikkaren. Ta den første bussen opp og den siste ned. Det er òg mogleg å ta ein kortare tur som tek om lag ein time.

Om du vel å gå på eiga hand, kan du ta ein seinare buss tilbake til Aurland eller Flåm. Prisen er den same. Sjå busstidene nedanfor. Merk at du må seie frå til sjåføren vår om når du ynskjer retur. Vi må ta atterhald om at vi har ledig kapasitet.

Kr 190 per vaksen.

Avgang frå Flåm kl. 10.00, 12.00 og 14.00, frå Aurland 10 minutt seinare.

 

Se kart
Detaljert kart over

Tur fakta:

  • Sesong: 15. mai - 15. sep
  • Avg. frå: Flåm
  • Avg. tider: 10:00, 12:00, 14:00
  • Lengd:
  • Dagar: Alle dagar
  • Pris: Vaksne NOK 190