Utskrift fra nettstedet www.visitflam.com

  1. Skip to navigation
  2. Skip to content
  3. Skip to footer

Om Flåm

Vakker og dramatisk natur

Vakre Flåm finn du heilt inst i ein sidearm av verdas lengste og djupaste fjord, den 204 kilometer lange og 1308 meter djupe Sognefjorden. Omkrinsa som det er av stupbratte fjellsider, buldrande fossefall og tronge dalar, er dette området eit paradis for dei som søkjer naturopplevingar det ikkje finst maken til i heile verda! Gode transportsamband gjer at Flåm i dag er eit knutepunkt, lett å nå anten du reiser med bil, båt, tog eller buss. Store cruiseskip ved kaia er eit daglegdags syn i vår- og sommarmånadene, og det er kort gangavstand frå Flåm Havn og dei mange fjordbåtane til ein tur med Flåmsbana – eller kanskje ei vitjing hjå Fretheim Hotel.

Reisemål med tradisjonar

Namnet "Flåm" betyr "lita flate mellom bratte berg", og på slutten av 1800-talet fant fleire cruiseskip med engelske og tyske gjestar vegen hit for å oppleve norske fjordar, fjell og fossefall. Skipsvitjingane la dimed grunnlag for hotelldrift og travel trafikk av turistar, som vart frakta i stolkjerre gjennom den spektakulære naturen. Etter at Bergensbana vart opna i 1909, vart Flåm eit knutepunkt for passasjerar, post og gods til og frå toga mellom Oslo og Bergen, i samband med dampskipa på fjorden. Den gamle anleggsvegen frå Haugastøl og Finse ned til Flåm – Rallarvegen – har vorte ein attraksjon i seg sjølv, med fleire tusen syklistar kvar sommar og haust.

Ei verdskjend jernbane

Den over 65 år gamle Flåmsbana er kjend mange stader som ei av verdas mest fantastiske jernbanestrekningar. Ein tur med denne utrulege jernbana frå fjord til høgfjell byr på ein høgdeskilnad på nesten 900 meter, ein stigningsgrad på ein meter på 18, ein tunell som går i spiral inne i fjellet, og ei utsikt som tek pusten frå deg! Flåmsbana er privatbane og sidebane til Bergensbana. Bana har ni–ti avgangar om dagen i høgsesongen frå mai til september og fire–fem daglege avgangar resten av året. Den spanande historia bak den 20 kilometer lange togstrekninga får du vite meir om når du vitjar Flåmsbana Museet i Flåm.

Aktiv ferie og lokal kultur

Flåm er eit perfekt utgangspunkt for ein opplevingsrik ferie! I ein travel og stressa kvardag er naturopplevingar og friluftsliv som balsam for sjela. Flåm kan by på aktivitetar for store og små, i harmoni med kulturelle opplevingar basert på lokale tradisjonar. Her kan du ta med barna på fisketur i fjellet eller på fjorden, eller berre nyte stilla i naturen. Det er òg fint å sykle eller vandre langs nokon av dei mange turløypene i Flåmsdalen eller i fjellheimen. Otternes Bygdetun, med 27 ulike bygningar frå 1600-talet, må òg opplevast. Dette klyngetunet er ein lokal kulturskatt og eit levande museum, med nydeleg utsikt mot Flåm og den blikkstille Aurlandsfjorden.

Moderne hotell med særpreg

Med røter tilbake til 1870 og med den gamle atmosfæren intakt står Fretheim Hotel i dag fram som eit topp moderne turisthotell. Arkitektonisk særpreg og storslått fjordutsikt, 118 komfortable rom, fleire suitar, stor restaurant og ei moderne kurs- og konferanseavdeling gjer Fretheim Hotel til eit av dei mest spanande hotelltilboda i Fjord-Noreg! Hotellet har eit framifrå kjøken som nyttar førsteklasses råvarer henta frå lokale produsentar og naturen sitt eige spiskammer. Til å skjerpe appetitten har hotellet eit rikt og variert aktivitetsprogram med laksefiske i Flåmselva, fjordsafari, villmarksleir, isfiske på fjellet og "gastronomi i det fri". Velkomen til eit triveleg opphald!

Flåm er eit perfekt utgangspunkt for ein opplevingsrik ferie! I ein travel og stressa kvardag er naturopplevingar og friluftsliv som balsam for sjela. Flåm kan by på aktivitetar for store og små, i harmoni med kulturelle opplevingar basert på lokale tradisjonar. Her kan du ta med barna på fisketur i fjellet eller på fjorden, eller berre nyte stilla i naturen. Det er òg fint å sykle eller vandre langs nokon av dei mange turløypene i Flåmsdalen eller i fjellheimen.

Se kart
Detaljert kart over