Utskrift fra nettstedet www.visitflam.com

  1. Skip to navigation
  2. Skip to content
  3. Skip to footer

Fretheim Hotel - the Flåm resort

Fretheim Hotel var på slutten av 1800-talet ein storgard som husa rike engelske lordar som kom for å fiske laks i Flåmselva og nyte den vakre naturen. Hotellet vart i utganspunktet reist i Sveitserstil, og har gjennom åras løp vekse og utvikla seg i takt med aukinga av turistar og reisande på Bergensbana og etter kvart Flåmsbana. I dag skin hotellet som eit spanande bygg både arkitektonisk og historisk, der den ærverdige eldre delen av hotellet står i fin harmoni med den nyaste delen som vart bygt i år 2000. I 2012 vart hotellet og medlem av De Historiske Hotell og Spisesteder.

Fretheim hotel

På Fretheim Hotel speler ein på lag med dei lokale produsentane og ynskjer nisjeprodukt av høg kvalitet velkomen. Kjøkenet er kjend for sin gode mat og bruken av lokale råvare. I områda rundt Flåm finns mange gode produsentar av råvare, som til dømes Undredals ost, småskala produsentar som har lammekjøt, hjortekjøt og reinskjøt av den finaste kvalitet, og ikkje minst Sogn Jord og Hagebruksskule som leverar økologiske grønsaker.

Fretheim Hotel har totalt 121 rom inne på hotellet, og eit flott stabbur med moglegheit for overnatting til 6 personar ute på tunet. Me har 31 rom i den historiske delen, og 90 rom i delen frå år 2000.

Kontakt oss gjerne for ytterligare informasjon:
Fretheim Hotel,
Postboks 63, NO-5742 Flåm
Tel: (+47) 57 63 63 00
Faks: (+47) 57 63 11 19
E-post: mail@fretheimhotel.no
Internett: www.fretheimhotel.no
Facebook: www.facebook.com/fretheimhotel

fretheim logo

Book hotell: