Flåmsbana Museet
Flåmsbana Museet gjev deg innsikt i bygginga av ei av Europas brattaste jernbanestrekningar, den tekniske utviklinga og menneska bak den imponerande konstruksjonen.
Flåmsbana Museet viser mellom anna eit autentisk El 9-lokomotiv, eit eldre elektrisk skiftelok, fleire dresinar og ulike utstillingar med tekst, bilete, lyd og gjenstandar. Du kan òg oppleve ei videoframsyning av ei reise med Flåmsbana. I front av museet er det butikk med stort utval suvenirar og artiklar med Flåmsbana-logo.
-
Konstruksjon
Flåmsbana er eit prov på eineståande ingeniørkunst. Den spanande jernbanestrekninga lokkar kvart år til seg menneske frå heile verda.
Les mer -
Historisk oversikt
Flåmsbana som går gjennom den tronge og vakre Flåmsdalen, vert rekna som eit meisterverk innan norsk ingeniørkunst. Les meir om historia til Flåmsbana her
Les mer -
Teknisk informasjon
Her finn du teknisk informasjon om Flåmsbana og strekninga frå Myrdal til Flåm.
Les mer -
Stasjonar
På den 20 kilometer lange togturen opplever du noko av det villaste og mest storslåtte som finst av norsk natur. Her finn du informasjon om dei 11 stasjonane langs Flåmsbana.
Les mer




