Flåm Hamn
...ei naturperle vi gjerne vil dele med deg
Fjordarmar som skjer seg gjennom landskapet, er eit vanleg syn langs den norske kystlinja. Etter siste istid vart den ville og vakre vestlandsnaturen danna av smeltevatn frå isbrear og elvar som grov seg gjennom bergartar frå dei eldste tidene på jorda. Då isen trakk seg tilbake, var landskapet omforma til dei høge fjella, smale dalane og djupe fjordane du kan oppleve dersom du vitjar området vårt.
-
Hamnar
Flåm Hamn er ei av dei største i Noreg målt etter kor mange skip kjem innom, med meir enn 130 cruisestopp kvar sommar. Cruisehamna i Flåm opna i mai 1999, og cruisebåtar av alle storleikar kan no leggje til kai.
Les mer -
Hamnekart
Du kan oppleve dei høge fjella, smale dalane og djupe fjordane dersom du vitjar området vårt. Sjå kart over hamnane i Flåm, Aurland, Undredal og Gudvangen.
Les mer

