Utskrift fra nettstedet www.visitflam.com

  1. Skip to navigation
  2. Skip to content
  3. Skip to footer

Aurlandskoen ÉCONOMUSÉE

Den tradisjonelle aurlandskoen vert i dag produsert ved den einaste skofabrikken i landet. Visningssenteret i Aurland byr på utstilling av gammal handverkstradisjon så vel som innsyn i skomakararbeid og skoproduksjon slik det går føre seg i dag.

AurlandskoenAurlandskoen slik han ser ut i dag, har vore produsert sidan midten av 1930-talet. Vi veit at det tidlegare har vore 19 ulike skofabrikkar i Aurland, og på det meste var nærare 100 personar sysselsett som skomakarar. Aurland Skofabrikk er i dag den einaste fabrikken som er att som produserer dei karakteristiske aurlandskoa. Visningssenteret i Aurland formidlar historia og kunnskapen om skohandverket i Aurland opp gjennom tidene. Besøk ein av dei få skofabrikkane som framleis finst i Noreg, og opplev levande skoproduksjon og skomakarar i arbeid. I tillegg til skoproduksjonen byr visningssenteret på informative utstillingar og butikk med sal av aurlandsko og andre lærprodukt.

Skofabrikken er bygd etter den kanadiske modellen ”économusée”. Føremålet med économuséa er å ta vare på, utvikle og vise fram gamle, tradisjonsrike handverk og ta vare på kunnskapen om dei. Eit économusée er ikkje eit museum i vanleg tyding, men ei levande handverksverksemd der dei i tillegg til å produsere og selje tradisjonelle handverksprodukt legg til rette for reiselivsopplevingar ved å synleggjere handverkstradisjonane og den historiske samanhengen.

Opningstider:
01.06 – 31.08: mån – laur 08.00 – 16.00, søn stengt
01.09 – 31.05: mån – fre 08.00 – 16.00, laur stengt

Aurlandskoen Économusée
Odden 13 B – NO -5745 Aurland
Tel. (+47) 57 63 32 12 
Faks: (+47) 57 63 33 85
E-post:
Internett: www.aurlandskoen.no

Se kart
Detaljert kart over